Kontroll og service

Kontroll og service

Eu-kontroll

Stryn Bilverksted AS utfører EU-kontroll til fast pris. Det er ditt eige ansvar å sørge for at bilen din er EU-godkjend til eikvar tid.

Kva er ein EU-kontroll?

EU-kontroll er ein miljø- og sikkerheitskontroll som er pålagt alle bileigarar. Frå det året bilen fyller 4 år skal alle bilar inn til kontroll annakvart år. Bilen må tilfredsstille dei offentlege krava. Må feil utbetrast, skal bilen til etterkontroll for å oppfylle krava.

Hjulstillingskontroll

Dersom hjulstillinga er skeiv kan bilen slite ein bestemt stad på dekket. Dette får ein bot for om det har skadd dekket slik at det ikkje er forsvarleg å nytte.

Service

Stryn Bilverksted AS utfører full service med oljeskift og skift av filter.

Klimaservice

Syns du det luktar vondt i bilen? Brukar bilen meir drivstoff enn før? Doggar rutene meir enn normalt? Vert kupéen for varm? Dette er symptom på at det kanskje er på tide med ein service på bilens klimaanlegg. Vi utfører påfylling av gass på klimaanlegg ved behov, og elles generell service.

Opningstider

Måndag-fredag: 08:00-16:30
Laurdag: Opent etter avtale

Kontakt oss

Har du spørsmål angåande våre tenester eller prisar? Kontakt oss for ein hyggeleg bilprat!

Telefon: 481 95 555
E-post: post@strynbilverksted.no

Kvifor velje oss?

Vi tilbyr gode prisar
Vi har lang røynsle innan bransjen
Vi er godt kjende i lokalmiljøet
Vi møter våre kundar med eit smil!